Her er einingstestar for «ordbanken». Kort oppsummert
køyrer desse programmet med ulike kommandolinjeargument
og samanliknar resultatet med ein kjend fasit for korleis
ting *skal* sjå ut.

Er det forskjellar, er det anten på grunn av endringar
(feil) i programmet eller endringar i fullformsordlistene.
Ved første tilfelle, rett opp programmet.
Ved andre tilfelle, oppdater fasiten (eller meld frå dersom
det er feil i ordlistene).

Fila «testar.dat» inneheld testane, som er på dette formatet:

  testnamn[tab]argument

Her er «testnamn» namnet på testen (vert òg brukt som filnamn),
[tab] er eit tabulatorteikn og «argument» er kommandolinjeargumenta
som testen køyrer.

Kvar test vert køyrd (med ein kommando på forma «ordbanken argument»)
og resultatet vert lagra i mappa «testresultat» med namnet
«testnamn.txt» (der «testnamn» er det namnet på den aktuelle testen).
Til slutt vert mappa samanlikna med mappa «fasit», som inneheld
informasjon om korleis testresultata *skal* vera. Viss alt er i orden
vert *ingenting* vist. Viss det er feil, vert det vist kva fil/test
som gav feil resultat.
