Denne mappa held fullformsordlistene frå Norsk ordbank:
https://www.nb.no/sprakbanken/ressurskatalog/oai-nb-no-sbr-41/
https://www.nb.no/sprakbanken/ressurskatalog/oai-nb-no-sbr-5/

Sjå dei forskjellige .txt-filene for meir informasjon.

Mappa «skript» inneheld program for oppslag i
fullformsordlistene, støtte for «bash completion»,
samt program for å henta ned og gjera klar 
ordlistefilene.

Skripta krev stort sett ikkje meir enn eit POSIX-kompatibelt
system. Har du allereie Linux e.l. installert, har du truleg
alle programma du treng. Men for ordens skuld, her er pakkane
du må ha installert (for eit typisk Linux-system):

  grep
  sed
  gawk
  coreutils
  util-linux

Teknisk merknad: I teorien skulle det halda med kva som helst
POSIX-kompatibel versjon av «awk», ikkje nødvendigvis «gawk».
Men det har vist seg at (iallfall per 2018) er det berre «gawk»
som er POSIX-kompatibel nok. Spesielt er det støtte for dei
særnorske bokstavane våre, æøå, som ikkje er korrekt i for eksempel
«mawk» (som blant anna Ubuntu har installert som standard.)
Derfor brukar skripta eksplisitt kommandoen «gawk», og du må
ha dette programmet installert.

Skriv «make» for å klargjera ordlistefilene, og
så «make install» (typisk som rotbrukar) for å
installera programma og ordlistene. Skriv eventuelt
«make install PREFIX=adresse» for å installera i mappa
«adresse» i staden for i «/usr/local».

For å sjekka at programmet fungerer som det skal
etter at det er installert, køyr «make test».

Hovudprogrammet heiter «ordbanken». Viss du berre 
vil slå opp i ordlistene, er dette det einaste 
programmet du treng bruka. Det har innebygd hjelp 
med tips. Skriv «ordbanken --eksempel» for mange
eksempel på både enkel og avansert bruk, og for
informasjon om korleis du set opp og brukar
autofullføring med «bash completion».

Viss du brukar KDE/Plasma, kan du òg installera eit grafisk
brukargrensesnitt og eit såkalla «skjermelement»
(ein «widget»). Skriv «make install-kde-gui» (typisk som
rotbrukar), eventuelt «make install-gui PREFIX=adresse».
Avslutt så med «kbuildsycoca5» (som vanleg brukar).
No skal programmet vera tilgjengeleg i programmenyen
og i skjermelementmenyen. Sistenemnde finn du ved å
høgreklikka på skrivebordet og velja «Legg til 
element».

Sjå fila COPYING for informasjon om opphavsrett og
lisensvilkår.

Eg vil regelmessig oppdatera ordlistefilene med dei
nyaste frå Norsk ordbank.

                 Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>


Heimeside for programmet, med ei kort innføring
og mykje informasjon:
https://huftis.org/artiklar/ordbanken/

Prosjektside for programmet, der du blant anna
kan melda frå om feil og melda deg på e-postlista:
https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/
