Denne mappa held fullformsordlistene frå Norsk ordbank:
http://www.edd.uio.no/prosjekt/ordbanken/

Sjå dei forskjellige .txt-filene for meir informasjon.
Merk at alle filene er gjorde om frå ISO 8859-1 og
Windows-linjeskift til UTF-8 med Unix-linjeskift.

Mappa «skript» inneheld program for oppslag i
fullformsordlistene, støtte for «bash completion»,
samt program for å henta ned og gjera klar 
ordlistefilene.

Skriv «make» for å klargjera ordlistefilene, og
så «make install» (typisk som rotbrukar) for å
installera programma og ordlistene. Skriv eventuelt
«make install PREFIX=adresse» for å installera i mappa
«adresse» i staden for i «/usr/local»

Hovudprogrammet heiter «ordbanken». Viss du berre 
vil slå opp i ordlistene, er dette det einaste 
programmet du treng bruka. Det har innebygd hjelp 
med tips. Skriv «ordbanken --eksempel» for mange
eksempel på både enkel og avansert bruk, og for
informasjon om korleis du set opp og brukar
autofullføring med «bash completion».

Viss du brukar KDE/Plasma, kan du òg installera eit grafisk
brukargrensesnitt og eit såkalla «skjermelement»
(ein «widget»). Skriv «make install-kde-gui» (typisk som
rotbrukar), eventuelt «make install-gui PREFIX=adresse».
Avslutt så med «kbuildsycoca5» (som vanleg brukar).
No skal programmet vera tilgjengeleg i programmenyen
og i skjermelementmenyen. Sistenemnde finn du ved å
høgreklikka på skrivebordet og velja «Legg til 
element».

Eg vil regelmessig oppdatera ordlistefilene med dei
nyaste frå Norsk ordbank.

                 Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>


Heimeside for programmet, med ei kort innføring
og mykje informasjon:
https://huftis.org/artiklar/ordbanken/

Prosjektside for programmet, der du blant anna
kan melda frå om feil og melda deg på e-postlista:
https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/
