STØRRE ENDRINGAR I ORDBANKEN
════════════════════════════

Her er oversikt over alle større/viktige/synlege endringar
i programmet. I tillegg er det gjort mange småendringar. Sjå
SVN-loggen for fullstendig oversikt over desse, for eksempel
med denne kommandoen:
  svn log --verbose svn://svn.sv.gnu.org/ordbanken | less


Versjon 2013-02-17
──────────────────

– Oppdatert fullformsordlistene til 2013-02-04-utgåva frå
  Norsk ordbank.

– Gjort det mogleg å gruppera oppslaga etter ord og bøyings-
  paradigme. Gruppering etter ord er nyttig når ein slår
  opp på mange ord samtidig, med regulære uttrykk, eller når
  ein slår opp på homograf. For eksempel er oppslagsordet «fly»
  seks forskjellige ord – to substantiv, eitt adjektiv, to
  verb (med avleidde adjektiv) og eitt adverb. Før vart resulata
  for alle desse blanda.

  Gruppering etter bøyingsparadigme er nyttig for ord som kan 
  bøyast på ulike måtar, men der ein ikkje kan blanda bøyingane. 
  Eitt eksempel er verbet «å strida», som kan bøyast på fem 
  forskjellige måtar. Merk for øvrig at med 2012-rettskrivinga 
  er det no lovleg å bruka såkalla blanda bøying for a- og e-verb,
  slik at ein for eksempel kan skriva «brukar» men «brukte».
  Dette gjeld berre slike verb; noko tilsvarande gjeld ikkje
  for eksempel «stride». Merk òg at ei slik blanding ikkje framgår
  av søkjeresultata når ein slår opp ord som «bruke».

  Som standard vert oppslaga grupperte både på ord og bøyings-
  paradigme, men ein kan velja å slå av éin eller begge grupperingane.

– Retta oppslag på a-infinitiv, slik at for eksempel
  oppslag på «ta» ikkje vil finna verbet «te». No
  må eit e-verb ha a-varianten som mogleg infintivsbøying
  for å bli med i oppslagsresultata.

– Lagt til enklare installering av KDE-skjermelementet,
  samt installering av eit frittståande KDE-basert
  grafisk brukargrensesnittet (som internt brukar)
  skjermelementet. Det siste skal vera tilgjengeleg
  i den vanlege programmenyen. Sjå fila «LESMEG»
  for installasjonsinstruksar.

– Ved eksport til HTML vert oppslagsorda lenkja til
  Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett, slik at ein
  kjapt og enkelt kan slå oppp i definisjonane til orda.
  Dette gjeld òg det grafiske brukargrensesnittet (som
  brukar HTML-eksporten).


Versjon 2012-09-01
──────────────────

– Oppdatert fullformsordlistene til 2012-08-23-utgåva frå
  Norsk ordbank. Dei inneheld endringane i den nye
  nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012.

  Viss du heller vil bruka dei siste ordlistefilene frå
  før rettskrivingsreforma, hent ned revisjon 103 av
  ordlistefilene og programmet:
    svn co -r103 svn://svn.savannah.nongnu.org/ordbanken/

– Fjerna støtte for oppslag og spesialvising av klammeformer
  (sidan det ikkje lenger finst noko skilje mellom hovud-
  og klammeformer på nynorsk eller bokmål).

– Lagt til støtte for a-infinitiv ved oppslag. Oppslaga
  gjev informasjon om verbet og tilhøyrande adjektiv laga
  av partisippet. For eksempel vil oppslag på «møta»
  finna verbbøyingane av «å møta» og adjektivformene
  «møtande», «møtte» («dei vart møtte») og «møtt», men
  ikkje substantivet «møte». Tilsvarande vil eit oppslag
  på «undra» finna det avleidde adjektivet «undrande»
  men ikkje adjektivet «undst» (som er avleidd av adjektivet
  «undre», ikkje av verbet «undre»/«undra»).

– Forbetra layout for ordbanken-plasmoiden, spesielt ved
  endring av storleik.


Versjon 2011-03-10
──────────────────

– Lagt til eit grafisk brukargrensesnitt. Dette er
  utvikla som eit skjermelement (ein «plasmoide») i KDE,
  og er såleis berre tilgjengeleg for KDE-brukarar.
  (Bidrag til alternative brukargrensesnitt for andre
  plattformer er velkomne!) Sjå fila LESMEG for
  oppdaterte installasjonsinstruksar.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2011-03-10-utgåva frå
  Norsk ordbank. Men merk at det ikkje er nokon endringar
  i desse sidan september 2010.


Versjon 2010-05-11
──────────────────

– Det er no mogleg å endra namnet på programfila,
  eller laga eit alias til ho, utan at autofullføringa
  tolkar programnamnet som eit ord å gje forslag til.
  Det kan for eksempel vera greitt å leggja til

  alias ord=ordbanken
  complete -F _ordbanken ord

  i oppstartsfila «~/.bashrc», slik at det vert mindre 
  å skriva kvar gong ein vil slå opp eit ord.

– Autofullføring av «-»- og «--»-argument fungerer no 
  skikkeleg igjen.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2010-05-11-utgåva frå
  Norsk ordbank. Merk at -as-verba no er fjerna som
  oppslagsord på nynorsk. For å finna for eksempel 
  infinitivsformene «å andas» og «å vrengjas», må ein 
  altså slå opp på orda «andast» og «vrengjast».


Versjon 2009-08-10
──────────────────

– Retta nokre kommandoar som ikkje var heilt POSIX-kompatible
  (dei brukte regulære uttrykk med «\?» og «\+» i staden
  for «\{0,1\}» og «\{1,\}»).

– Oppslag på «ord» som startar med bindestrek (som «-aktig»)
  verkar no, sjølv om «look» vert brukt. Før gav det ei
  rar feilmelding med mindre «look» ikkje var installert,
  eller ein brukte regulære uttrykk. Merk at ein må bruka
  «--» for å skilja argument og operand (akkurat som med
  alle andre POSIX-verktøy). Eksempel: ordbanken -- -aktig

  Autofullføring fungerer òg med slike «ord», både for auto-
  fullføring av orda og tilhøyrande ordklassar. (Det hørest
  enkelt ut, men det var langt frå trivielt å få til!)

– Oppslag på eit grunnord som inngår som førsteord i uttrykk
  med fleire ord (typisk idiom) vil ikkje lenger gje desse
  uttrykka som resultat. For eksempel vil «ordbanken i» berre
  gje bøyinga av ordet «i», og ikkje uttrykka «i huttaheiti»
  og «i så fall». Dette fører til fleire forbetringar. For det
  første går søket raskare, for det andre går det an å
  eksplisitt slå opp uttrykk med fleire ord, og for det tredje
  går det an å å få ut oversikt over alle slike ord. Eksempel:

  Oppslag på «i huttaheiti»: ordbanken "i huttaheiti"
  Oppslag på uttrykk som startar med «i»: ordbanken 'i %'
  Oppslag på alle uttrykk med fleire ord: ordbanken -r ' '

  Autofullføring fungerer òg på slike uttrykk, anten
  ved bruk av hermeteikna ", ' eller «verna» teikn. Eksempel
  som finn uttrykket «rock and roll»:

  ordbanken "rock a[tab]
  ordbanken 'rock a[tab]
  ordbanken rock\ a[tab]

– Oppdatert fullformsordlistene til 2009-08-07-utgåva frå
  Norsk ordbank.


Versjon 2009-07-05
──────────────────

– Lagt til støtte for regulære uttrykk. Sjå eksempelteksten
  for mange fine eksempel.

– Lagt til støtte for jokerteikna brukte i Nynorskordboka
  og Bokmålsordboka på nett («%» og «_») ved å automatisk
  gjera dei om til regulære uttrykk. Basert på kode frå
  Kristoffer Egil Bonarjee <kristoffer.egil@bonarjee.in>.

– Ikkje fargelegg kodane viss utdata vert send i eit røyr
  (for eksempel til programmet «less»), med mindre fargelegging
  er eksplisitt slått på. Basert på kode frå  Kristoffer Egil
  Bonarjee <kristoffer.egil@bonarjee.in>.

– Klammeformoppføringar vart ikkje plasserte på toppen viss
  vising av klammeteikna «[» og «]» var slått av (valet «-P»
  eller «--ikkje-parentes»). Dette er fiksa, og koden for
  klammeformplasseringa er sameina, i staden for å ha éin
  for tekstvisinga og ein tilsvarande for XHTML-visinga.

– Endra måten klammeformene vert plasserte på toppen, slik
  at dei vert lagde på toppen *innanfor* kvart oppslagsord.
  Sidan programmet før berre kunne slå opp enkeltord, hadde
  dette i utgangspunktet berre ein effekt på uttrykk sette
  saman av fleire ord, som «i glømme». Ved oppslag på «i»,
  kjem «i glømme» no mellom «i gjære» og «i gløyma»,  i
  staden for på toppen av lista, som det gjorde før.

– Legg til namneromdeklarasjon ved XHTML-generering, for å få
  eit gyldig XHTML-dokument. Takk til Kristoffer Egil Bonarjee
  <kristoffer.egil@bonarjee.in> for tips.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2009-07-05-utgåva frå
  Norsk ordbank.


Versjon 2009-06-07
──────────────────

– Alle skripta (med det naturlege unntaket «bash_completion»)
  er no fullstendig POSIX-kompatible, og skal derfor òg fungera
  perfekt i alle andre POSIX-kompatible skal, ikkje berre i BASH.
  Det same gjeld bruk av hjelpeverktøya (som «grep» og «sed»).

– Brukar no verktøyet «look» (del av «util-linux-ng»-pakken) for
  over 10 gongar så raske ordbokoppslag. Viss dette programmet
  ikkje er installert (lite truleg), fell me tilbake på den
  gamle, trege metoden.

– Brukar optimerte/kompilerte ordlistefiler. Dei installerte
  filene er no rundt 35 % mindre, og går derfor litt raskare
  å slå opp i (sjølv om ein brukar «gamlemåten»). Det negative
  er at det tar ganske lang tid å generera dei filene.

– Støtte for DESTDIR-variabelen ved installering. Takk til
  Ketil Kvifte <ketil@kvifte.org> for dette.

– Retta veldig mange småfeil (nokon som kom av optimerings-
  endringane over). Sjå SVN-loggen for fullstendig oversikt.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2009-06-07-utgåva frå
  Norsk ordbank.

– La til oversikt over større endringar (denne fila!).


Versjonane 2008-03-21 til 2009-04-22
────────────────────────────────────

Tidlegare versjonar av «ordbanken» var lagra i SVN-arkivet
til Skulelinux, som held den aktuelle logginformasjonen.
Fullformsordlistene har alltid lege under «i18n/ordbanken»:

svn co svn://svn.skolelinux.org/skolelinux/trunk/i18n/ordbanken@63525
svn log --verbose ordbanken

Der låg òg skriptet frå 2009-01-11, men frå 2008-08-04 til 2009-01-10
låg det under «i18n/skript», med namnet «ordbanken.sh»:

svn co svn://svn.skolelinux.org/skolelinux/trunk/i18n/skript@63013
svn log --verbose skript/ordbanken.sh

Før dette (tilbake til 2008-03-21) eksisterte berre skriptet i
meldingar på e-postlista «i18n-no@lister.ping.uio.no». Desse er
arkiverte på blant anna Gmane:
http://search.gmane.org/?query=ordbank*&group=gmane.comp.internationalization.norwegian&author=hufthammer&sort=revdate
